Glimt frå uteskule

DSC_0380

Kvar torsdag har 1. og 2. klasse uteskule og brukar mesteparten av dagen ute. Denne gongen anla vi blant anna ny butikk og kafe i skogen på Ugeli. Elevane klipte ut sine eigne pengar og dei fekk trene seg på kjøp og salg. Nokre laga kafé og servera både kokosboller, hamburger, pomes frites og sjokoladeboller. Andre hadde butikk med både steinar, fyrstikker, skolopenderar og meitemarkar til salgs. Elevane fekk 100 kr kvar og rekna for harde livet. Dei fekk også servert havregraut til lunsj som dei kunne kjøpe. Etter ein vinter med mykje bålbrenning fekk nokre av elevane og prøve å lage bålet sjølv. Dette var stas!

DSC_0368

DSC_0388

DSC_0383

DSC_0376