Frukost på skulen

20180508_082614kopi

Visste du at elevane her på Tryggheim Strand får tilbodet om frukost om morgonane? Kvar morgon kl ti over åtte trillar Aliya ut ei tralle med knallgod  havregraut. Det er ein kjempegod start på skuledagen for mange av elevane.

  • Det byrja eigentleg som eit prøveprosjekt i vinter, etter både nokre foreldre og elevar uttrykte at det var vanskeleg å få i seg frukost før ein gjekk heimanifrå om morgonen.  Me hadde og høyrt om andre skular som har gjort det same, og ville prøve det ut. Me held på ennå, og ser at det var eit kjempeflott tiltak! Den stunda rundt grautbordet om morgonen er verdifull sosialt sett og elevane får ein sunn og god frukost. Litt før det ringer inn tar Aliya med seg tralla tilbake på kjøkkenet og me er klar for ein ny skuledag.

  • 20180507_082152
  • 20180508_082027
  • Dei kjem slentrande eller syklane litt etter kvart og trekk mot grauttralla og benken utfor inngangsdøra. Dei fleste har ete frukost heime, men nokre tar litt graut likevel. Det er godt med litt påfyll, for det er ei stund til lunsj. Andre er klar for ein god dose frukostgraut. Dei slår seg ned rundt bordet både store og små, Praten går godt, men roleg – slik det ofte gjer om morgonane. Det er fint å starte skuledagen på denne måten. Grautserveringa blir ein naturleg samlingsplass både for dei som et graut, men også andre som vil slå av en prat.