Fleire ledige stillingar på Tryggheim Strand

Tryggheim Strand er ein kristen barne- og ungdomsskule på Tau i Strand kommune, som no er inne i sitt femte driftsår. I dag har vi 75 elevar på 1.-10. trinn og er inne i ein spanande prosess med bygging av ny skule.

På Tryggheim Strand er vi stolte av den dyktige og engasjerte gjengen som brenn for elevane våre! No treng vi fleire medarbeidarar som kan vera med på å vidareutvikle skulen, fremje den kristne målsetjinga, vidareføre den faglege styrken vår, og vera med på å sjå og løfte elevane våre både fagleg og som menneske.

  • Vi har fleire ledige lærarstillingar frå august 2019, både fast stilling 80-100% og vikariat i inntil 200%.

Særleg aktuelle fag:

Engelsk                 Norsk

Kroppsøving         Tysk

Praktisk-estetiske fag

Har du andre typar fag vil vi òg gjerne at du søkjer.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • undervisning i aktuelle fag
  • kontaktlæraransvar
  • andaktar for elevane

Kvalifikasjonar:

Formelt kvalifisert for undervisning i grunnskule

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av fokus på fagleg utvikling, arbeidsglede, kreativitet og gode verdiar.

Vi forutset at søkjar bekjenner den kristne trua og kan identifisere seg med NLM sitt formål og verdiar i samsvar med ”Verdidokument – Grunnlagsdokument for ansettelse i Norsk Luthersk Misjonssamband”.

Søknad, CV og referansar sender du til  brynhild.samuelsen@tryggheimstrand.no

For meir informasjon – kontakt rektor Brynhild Samuelsen, tlf. 404 93 554.

 

Søknadsfrist: 25. mars 2019

Oppstart: 1. august