Fingerstrikking

No er me endeleg ferdige med sitteunderlaga våre. Etter mange vekers arbeid  var det denne veka høgtideleg bildetaking og overrekking av sitteunderlaga.
Me har ein gjeng skikkeleg stolte elevar.
Alle elevane i 1.-2. klasse har fingerstrikka mellom 4,5 of 10 meter ulltråd som var vorte tova i vaskemaskina.  Etterpå har me surra remsene ftil ein stor sirkel og smurt på fleire lag med gummi.
Det er kjempekjekt å få eit så flott produkt! No er sitteunderlaga vanntette på eine sida, varme og gode å sitte på, og klar til å takast med på tur.
  • 20171118_155920
  • 20171118_155927
  • 20171120_121503
  • fingerhekle
  • 20171027_124958