Fagbrev som elektrikarar!


I 7. klasse på Tryggheim Strand har me om elektrisitet i naturfagen, der målet vårt er å ta eit «fagbrev» i elektrisitet.

Me har hatt ulike eksperiment. I dag hadde me eit forsøk der me fann ut korleis ein lysbrytar fungerer. Sjå på bileta frå dette forsøket. 

Tidlegare har me fått lyspære til å lyse ved å koble leidningar saman, og fann då ut at det er metall som leiar straum. Me har og lært korleis straumen går gjennom leidningane. Saman fann me og ut kor fort ein leidning blir varm, og kor fort ein ladeboks blir varm, og kor fort den tar fyr. Det blei skikkeleg varmt inne i hendene våre når me prøvde å dra ein tau gjennom hendene, og det er dette som skjer inne i leidningar og. Hugs derfor å dra ut ladekabelen frå veggen!

Kven var det eigentleg som fann opp lyspæra og korleis fekk dei lyspæra til å lyse? Kom og spør oss, for det har me og lært og lest om. 

Me har fått kvart vårt lærlinghefte der me les fleire tekstar om straum og elektrisitet. Når me arbeider med dette heftet får me mye kunnskap om straum og elektrisitet! Me gler oss til å få “fagbrevet” av læraren vår om nokre veker. 

Helsing elevane i 7. klasse