Eventyret om 10. klasse til Spania held fram


Reiseblogg del 2

Dagens spørsmål: Kven var det som snorka, kvifor har Simen slumring frå klokka seks, og kva hendte eigentleg på gutterommet sidan Sebastian vakna opp på sofaen i gangen…?
Uansett – alle var på plass til frukost 08.35, så det var jo bra. Formiddagen vart brukt til å skrive engelske tekstar om korleis sjokolade blir til på Valor-fabrikken, og me håpar at engelsklærar blir godt informert om dette. Det blei også tid til å lese fleire kapittel i boka vår «Guten i den stripete pyjamasen», men så var det jo slik at karaoke i møtesalen også var litt kjekt. 🙂
Etter ein god lunsj var me heilt klare for dagens eventyr i høgda. Turen gjekk sjølvsagt innom El Supermarcado, for me var nesten tomme for brus, og drikke må ein ha. Caddyane tok os vidare til klatreparken i La Nucia. To blide gutar møtte oss med 11 klatreselar. Dei guida oss gjennom den første løypa til me blei ekspertar heile gjengen. Så var det berre å sleppe seg laus gjennom taubanar, klatrestigar og ziplinar. 300 meter zipline til slutt, to og to, toppa heile opplevinga. Dette var syyyyykt kult!

 

 

 

 

 

 

Pulsen roa seg, og me innsåg at alle kom trygt ned på bakken utan hverken tårer eller blod, berre sveitte. Så då køyrde me ned til beachen i Albir. Eit forfriskande bad før middag på Centro Sarepta.
I dag hadde me flytta kristendomstimen til kvelden. Jan Tore Olsen har no gitt oss to historier frå Bibelen om det å miste noko. Dekker vi over det og pynter på sanninga slik Rehebeam (les om han i 1. Kongebok 14) eller kan vi som dei 5 søstrene som mista sin far (4 Mosebok 27) rekke tomme hender mot Gud?
Vi legg oss mette på opplevingar for i dag, men svoltne på fleire i morgon. 🙂 Følg med!