English day


Eit av dei faste innslaga i årshjulet her på Tryggheim Strand er English day. Det er ein annleis dag der me snakkar engelsk, går med «skuleuniform», og jobbar med engelsk heile dagen –  gjerne på ein kjekk måte.

I år var det blant anna planlagt prosjektarbeid om ulike engelsktalande land på alle klassetrinn. Det var Spanande og givande å holde på med. Me hadde også vanlege fag på engelsk. Det er alltid like interessant. Kva er no desse matematiske begrepa på engelsk igjen?

Etter lunsj vart alle delt opp i aldersblanda grupper som gjekk på ulike stasjonar. På ein av stasjonane leste dei eldste for dei yngste, på dei andre var det blant anna kahoot, fakta om engelsktalande land og ulike leikar og aktivitetar på engelsk. Fish and chips til lunsj, og engelsk te har blitt eit herleg fast innslag dei siste åra.

  • IMG_6823
  • IMG_6842
  • IMG_6813
  • IMG_6829