Den store misjonsreisa


Endeleg var dagen komen då me skulle legge ut på ei av våre livs største reiser.  Gunn Tåve, Inghild, Synne og Ivar var klare til avreise frå Solbakk kl 03.15 søndag morgon og ankomst Lima 03.30 mandag norsk tid. Med oss på turen fekk me og 4 hyggelege medreisande frå Danielsen på Frekhaug.

 

 

 

 

Me fire heldige utvalgte var klare for eit stort eventyr og innblikk i misjonsarbeidet, og skal dei neste 10 dagane få sjå litt på arbeidet som blir gjort her i Peru.
Den 26 timars lange reisa vart slått i hjel med strikking, film, angrybirds, musikk og podcast. Eit høgdepunkt før me nådde Lima var å sjå ned på Amazonas frå lufta. Uventa nok blei ein av oss spora opp av narkotikahunden på flyplassen. Med litt høg puls blei sekken gjennomsøkt. Den mistenkte vart erklært uskyldig og me kom oss velberga inn i landet.

Etter frukost i Lima vart det tid til ein liten rundtur i byen før me skulle fly vidare til Arequipa. Med høgt tempo var det berre å henge på når Ivar la ut nedover gatene. Me fekk med oss litt av trafikken, og ein liten tur ned til Stillehavet (ihvertfall i følgje google maps).

I Arequipa vart me godt tatt imot av Tore  Bjørsvik og brakt i sikkerheit. Her har me installert oss i tre heimar og hatt ein tur på det lokale kjøpesenteret. No kan Synne og Ivar puste letta ut, for dei har fått tak i solhatt og hårbørste.

Me har pakka om til leir og i morgon reiser me vidare til Mollendo på ungdomsleir i nokre dagar. Her ventar sol, 30 grader, bading, vannleikar og bibeltimar på spansk.  Dette ser me fram til!

Hasta mañana!