Bokstavfest i 1. klasse

20171208_121547Forrige veke var 1. klasse ferdige med første runde av bokstavgjennomgangen. Det vart feira med dunder og brak på fredagen. Då hadde me bokstavfest og feira at me har lært alle bokstavane. Me hadde bokstavballongar, bokstavkjeks, bokstavsang og bokstavbingo.  Me måtte også løyse eit mysterium. Då me skulle starte festen oppdaga me at alle bokstavplansjane var forsvunne. Plansjane måtte finnast og plaserast i rett rekkefølgje igjen. Det var også høgtideleg utdeling av diplomar.

 

20171208_12163820171208_12195820171208_121520