Bærekraftig utvikling


I løpet av hausten som har vore, har 3.-4 trinn hatt eit stor tverrfaglig prosjekt om bærekraftig utvikling.  Gjennom haustens arbeid har dei utforska ulike sider, fått ein forståelse for kva det er og kan no gje flerie dømer på bærekraftig utvikling.  Her er noko av det me har gjort.

Strandvandring, resycleart og fotodesign

Tidlig i haust gjekk me langs sjøen og samla søppel, me snakka ein del om kvar det har kome frå og korleis det har havna her. I staden for å kaste søppelet me fann, slik me brukar, tok vi det med tilbake på skulen for å lage kunst av det. Første post var å ta eit kult bilete av kunsten og redigere det i eit bilderedigeringsprogram. Det vart stilige plakatar! Søppelet vart så brukt til å lage anna kunst som seinare skulle stillast ut.

 

Gjenbruk ved å sy

Me har og tatt symaskinsertifikatet alle mann, og lært å sy både nisselue og bærekraftig handlepose. Dei tok med ei gammal t-skjorte heimefrå som me sydde om til handlepose. Det var stor suksess og mestringskjensle når dei var ferdig.  Me har og snakka ein del om gjenbruk, besøkt gjenvinningsstasjonen i Nordmarka og levert avfall. Me tok og ein tur innom byttebua der me både fekk levert noko, og tatt med nokre skattar heim.

Kunstutstilling

Til slutt laga me utstilling der me viste fram kunsten me hadde laga, handleposane, plakatane og laga flotte veggaviser som me viste fram.  Den flotte utstillinga fekk besøk frå både 1.-2. trinn og 5.-7. trinn. Dette har vore stas, og veldig lærerikt!